Classical Music Home

Welcome to Naxos Records

Email Password  
Not a subscriber yet?  
Keyword Search
 in   
 Classical Music Home > Naxos Album Reviews

Album Reviews



 
See latest reviews of other albums...

Sjur Haga Brigeland
Dag og Tid (Norway), March 2017

Det siste stykket på den norske pianisten Joachim Knophs fine samleinnspeling av alle Kvandals verk for klaver solo, er det fyrste han komponerte; Sonatine for piano, op. 2, frå 1940, som her ligg føre på plate former, men med folkemusikkprega melodikk. Om sonatinen sa han sjølv at «jeg tror jeg tø si at denne sonatinen er skrevet av en lykkelig tyveåring». Det høyrest godt, for det er noko ungdomleg optimistisk ved det.

Hovudtemaet i fyrste satsen «allegro energico» er ein rytmisk, fanfaresktig melodi som stig og stig. Denne spretne melodien brenn snart ut og gjev plass til sidetemaet, som er vidt og lengtande, ja mest smektande. Stykket er fint komponertm klårt i forma, sjølv om kjenslene som kjem til uttrykk, er temmeleg «enteneller»—det har noko av det kompromisslause, og dimed nyanselause, som ofte kjenneteiknar ungdommelege sinn.

PARIS
Kvandal var son til komponisten David Monrad Johansen og studerte hjå norske storleikar som Per Steenberg, Arild Sandvold og Geirr Tveitt. I byrjinga av 1950-åra opna han horisonten ved å dra til paris, der han tok timar hjå den viktige franske pedagogen Nadia Boulanger. I Frankrike høyrde han mykje modernistisk musikk; dette førte til at han la av seg den norsknasjonale skrivestilen og komponerte meir neoklassisk. Diverre finst så vidt eg veit ingen klaverstykke frå denne tida.

LOPPESLÅTT
Mot slutten av 1960-åra vende han «heim» att til Noreg stilistisk, noko me fyrst merkar med Tre slåttefantasier, op. 31, som blei urframførte på Festspillene i Bergen i 1969. Kvandal har i dette klaververket teke fatt i tre slåttar for tre ulike instrument: Den fyrste, «Munnharpeslaått (Skjeggeloppa)», er sprek og skjelmsk—lyttar me godt etter i den rolege midtdelen, blir me jamvel vare lyden av loppa. I den andre, «Langeleikimprovisasjon», får komponisten godt fram langeleikens svevande, bylgjande klangar. Den tredje, «Vigstadmoen», er ein feleslått somm Kvandal teikna ned då han vitja Rikard Skjelkvåale i Sjåk. Dette er vel den av dei tre som ligg den opphavlege slåttemusikken nærast, og den av dei eg likar best, for Kvandal får her til ein heilt eigen dynamikk mellom den brutale byrjinga og slutten, og den melankolske innettervende midtdelen.

Joachim Knophs tolking har kraft og vidd; han gjev oss eit godt bilete av Kvandals samla œuvre for instreumentet hans. © 2017 Dag og Tid (Norway)





Naxos Records, a member of the Naxos Music Group